Litteratur På Blå

Litterære forhandlingar med ei kvit offentlegheit

Informações:

Sinopsis

Korleis les den kvite offentlegheita bøker av ikkje-kvite forfattarar? Korleis forhandlar norske, ikkje-kvite skrivande med ei kvit, norsk lesande offentlegheit? I Sverige og Danmark har ein dei siste åra hatt fleire debattar omkring korleis møtet mellom den ikkje-kvite forfattaren og den kvite lesande ålmenta artar seg. I Sverige argumenterte den svenske litteraturforskaren Magnus Nilsson i boka "Den föreställde mångkulturen. Klass och etnicitet i svensk samtidsprosa" allereie i 2010 for at den svenske resepsjonen av ikkje-kvite forfattarar hadde klare rasialiserande trekk: Ikkje-kvite forfattarar blei ofte lesne som innvandrarforfattarar, uavhengig av kva bakgrunn dei sjølv hadde, eller kva tema som blei tatt opp i bøkene, på eit vis som ifølgje Nilsson førte til både homogeniserande og eksotifiserande lesnadar. I Danmark hadde ein våren 2014 «hvidhedsdebatten», ein stor debatt om det danske litterære feltet, kvitheit og strukturell rasisme i Danmark, i etterkant av utgivinga av Yahya Hassan og debatten A