Nasjonalbiblioteket

Dobbeltforedrag: Vald og samliv i Landslova

Informações:

Sinopsis

To foredrag som tar utgangspunkt i Magnus Lagabøtes landslov ved professorene Hans Jacob Orning og Sigrun Høgetveit Berg.Det første tar for seg valden i og utanfor Landslova. Magnus Lagabøtes landslov av 1274 er kjend for å prøve å få bukt med valdsbruken i samfunnet. Lova omtaler borgarkrigsperioden som ei «villfaringståke», og innførte eit forbod mot ættehemn, det vil seie at det fra nå av berre var lov å hemne seg på gjerningsmannen, ikkje på hans frendar. Men kor valdeleg var samfunnet før lova blei innført? I dette foredraget diskuterer Hans Jacob Orning, professor i mellomalderhistorie, dette spørsmålet ut frå ein tese om at samfunnet før Landslova var nokså fredeleg, men at menneska hadde andre haldingar til kva vald var, enn det som kjem til syne i Landslova.  Magnus Lagabøte var sterkt inspirert av kristen tenking, og Landslova ber preg av dette, sjølv om Magnus og kyrkja ikkje vart samde om korleis kristenrettane skulle formulerast i Landslova. I det andre foredraget vil professor&nbs